Nord Universitet

Nord Universitet

DMN110, Skodespelarfag 1

DMN110, Acting 1

Fakta

  • Omfang

    32 Studiepoeng

  • Varighet

    2 semester

  • Undervisningssemester

    Høstsemester
    Vårsemester

  • Studienivå

    1. syklus (bachelor)

  • Undervisningsspråk

    Norsk

  • Organisasjonstilhørighet

    Teater

  • Emneansvarlig

    Ørjan Hattrem
  • Studieplan

    Kull 2015/2016

Forkunnskapskrav

Det kreves ingen forkunnskaper utover opptakskravet.

Emneinnhold

Studentane får innføring i skodespelarfaget med grunnleggjande skodespelarteknikk og metodikk, som improvisasjonsteknikkar, innføring i dialog og partnarkontakt, innføring i grunnøvingar og etydar, mellom anna bygde på metoden til Stanislavskij. Dei får også grunnleggjande innføring i arbeid med tekst og dramatisk tekst.

Innhald

Etter kvar periode i første semester vil det vere ei intern vising for lærarar og andre spesielt inviterte. Etter andre semesteret vil det vere ei vising for eit avgrensa publikum. Studentane skal dessutan lage ein eigenproduksjon i løpet av året, basert på eit tema og materiale dei vel sjølve. Dette arbeidet vil føre til ei vising for publikum.
 

Forventet læringsutbytte

Studenten skal:

Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Arbeidsformer og læringsaktiviteter

Undervisninga er delt inn i bolkar på ei til seks veker, der ulike teaterkunstnarar og pedagogar arbeider med studentane. Undervisninga går føre seg i par og i heil gruppe. I arbeidet lærer studentane å setje ord på og reflektere rundt eige og andre sitt arbeid.

Vurdering

Vurdering Vurderingstype Varighet Karakterskala Andel Justerende muntlig Tillatte hjelpemidler
Utøvende aktivitet Individuell Bestått / ikke bestått 100% Nei
Kommentar Arbeidet til studentane blir vurdert gjennom heile semesteret med endeleg vurdering ved semesterslutt.
På eit vitnemål vil karakteren i emnet DMN110 Skodespelarfag 1, DMN210 Skodespelarfag 2 og DMN310 Skodespelarfag 3 bli slått saman til èin karakter.