Nord Universitet

Nord Universitet

DMN240, Tekst og eige uttrykk 2

DMN240, Text and personal expression 2

Fakta

  • Omfang

    4 Studiepoeng

  • Varighet

    2 semester

  • Undervisningssemester

    Høstsemester
    Vårsemester

  • Studienivå

    1. syklus (bachelor)

  • Undervisningsspråk

    Norsk

  • Organisasjonstilhørighet

    Teater

  • Emneansvarlig

    Eirik Nilsen Brøyn
  • Studieplan

    Kull 2015/2016

Emneinnhold

Emnet har to retningar; Studenten skal få undervisning og rettleiing i å arbeide med tekst av
ulike format, sjangrar og stilartar. Den andre retninga er at studenten under rettleiing arbeider
med eige valt/skrive materiale for eit personleg uttrykk, med utgangspunkt i eigen bakgrunn
og historie. Undervisninga vil gå føre seg i bolkar, der dei to retningane vil veksle på å ha
hovudfokus. I nokre periodar vil likevel tekstarbeidet kunne ha direkte samanheng med eige
uttrykk. I andre periodar vil tekstarbeidet kunne vere relatert til rolle i skodespelarfaget, og i
andre periodar igjen vil det kunne vere relatert til språk- og stemmeundervisninga.
Studentane skal få kjennskap til ulike sjangrar og stilartar. Det vil vere fokus på poesi,
prosatekstar og dramatisk tekst.
I det andre studieåret vil arbeidet med tekst i enkelte periodar vere integrert i arbeidet med
rolle i skodespelarfaget. Ein vil da bruke same teksten i båe emna, men i emnet Tekst og
eige uttrykk vil ein arbeide med teksten utan å vere bunden til konteksten i skodespelarfaget.
Dette er spesielt aktuelt i arbeid med bunden tekst, som t.d. blankvers. Studentane arbeider
også mot format der framføring av tekst er eit sjølvstendig uttrykk, som opplesing, lydbøker,
framføring av poesi og radioteater.
Emnet gir studenten erfaring i eige skapande teaterarbeid inn mot eige, sjølvstendig valt
repertoar.

 

Innhald

Forventet læringsutbytte

Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Arbeidsformer og læringsaktiviteter

Arbeid med lærer i gruppe og individuelt. Rettleiing ved eige arbeid. Observasjon og
refleksjon.
Det vil vere minst éi framsyning i Bikuben på DNT i løpet av året.

Vurdering

Vurdering Vurderingstype Varighet Karakterskala Andel Justerende muntlig Tillatte hjelpemidler
Utøvende aktivitet Individuell Bestått / ikke bestått 100% Nei
Kommentar Arbeidet til studentane blir vurdert gjennom heile semesteret og med endeleg vurdering ved semesterslutt.

På eit vitnemål vil karakteren i emnet DMN140 Tekst og eige uttrykk 1, DMN240 Tekst og
eige uttrykk 2 og DMN340 Tekst og eige uttrykk 3 bli slått saman til èin karakter.