Nord Universitet

Nord Universitet

DMN310, Skodespelarfag 3

DMN310, Acting 3

Fakta

  • Omfang

    36 Studiepoeng

  • Varighet

    2 semester

  • Undervisningssemester

    Høstsemester
    Vårsemester

  • Studienivå

    1. syklus (bachelor)

  • Undervisningsspråk

    Norsk

  • Organisasjonstilhørighet

    Teater

  • Emneansvarlig

    Eirik NIlsen Brøyn
  • Studieplan

    Kull 2015/2016

Emneinnhold

Det tredje studieåret er i stor grad retta inn mot produksjonar. Produksjonane vil ha fullstendige profesjonelle rammer med alt det inneber, der studentane arbeider saman med profesjonelle skodespelarar. Hovudregelen er at produksjonane skal vere på nynorsk. Studentane skal erfare korleis dei kan tilpasse det metodiske grunnlaget til eit personleg verktøy, som kan fungere i produksjonssamanheng. Alle dei andre faga vil også vere meir eller mindre retta inn mot produksjonane, og studentane skal erfare korleis faga dannar ein heilskap i det profesjonelle arbeidet med ei rolle. Ein av produksjonane skal liggje innanfor eit uttrykk der bevegelse og/eller musikk er sentrale element. Studentane skal arbeide med andre medium, mellom anna film. Studentane skal også ha eigenproduksjon. Studentane skal ha ein studietur.

Forventet læringsutbytte

Kunnskap

Ferdigheiter

Arbeidsformer og læringsaktiviteter

Undervisninga er delt inn produksjonsperiodar som er samstemte med produksjonane på teatret. Teaterkunstnarar arbeider med studentane, og målet er oppsetjingar for publikum. Undervisninga går føre seg i heil gruppe, med individuell integreringsundervisning med pedagogar frå dei andre faga. Studentane tek aktivt del i å setje ord på og reflektere rundt sitt eige og andre sitt arbeid.

Vurdering

Vurdering Vurderingstype Varighet Karakterskala Andel Justerende muntlig Tillatte hjelpemidler
Utøvende aktivitet Bestått / ikke bestått 100% Nei
Kommentar Arbeidet til studentane blir vurdert gjennom heile semesteret og med endeleg vurdering ved semesterslutt.

På eit vitnemål vil karakteren i emnet DMN110 Skodespelarfag 1, DMN210 Skodespelarfag 2 og DMN310 Skodespelarfag 3 bli slått saman til èin karakter.