Nord Universitet

Nord Universitet

DMN340, Tekst og eige uttrykk 3

DMN340, Text and personal expression 3

Fakta

  • Omfang

    6 Studiepoeng

  • Varighet

    2 semester

  • Undervisningssemester

    Høstsemester
    Vårsemester

  • Studienivå

    1. syklus (bachelor)

  • Undervisningsspråk

    Norsk

  • Organisasjonstilhørighet

    Teater

  • Emneansvarlig

    Eirik Nilsen Brøyn
  • Studieplan

    Kull 2015/2016

Emneinnhold

Emnet har to retningar; studenten skal få undervisning og rettleiing i å arbeide med tekst av ulike format, sjangrar og stilartar. Den andre retninga er at studenten under rettleiing arbeider med materiale han/ho vel/skriv sjølv, for eit personlig uttrykk med utgangspunkt i eigen bakgrunn og historie. Undervisninga vil gå føre seg i bolkar og veksle på å ha fokus på dei to retningane. I nokre periodar vil likevel tekstarbeidet kunne ha direkte samanheng med eige uttrykk. I andre periodar vil tekstarbeidet kunne vere relatert til ei rolle i skodespelarfaget, og i andre periodar igjen vil det kunne vere relatert til språk- og stemmeundervisninga. Studentane skal få kjennskap til ulike sjangrar og stilartar. Det vil vere fokus på poesi, prosatekstar og dramatisk tekst. I det tredje studieåret vil arbeidet med tekst i stor grad vere retta inn mot eigne profesjonelle visningsflater, som opplesing, lydbøker, framføring av poesi og radioteater. Faget skal også stø opp under arbeidet med produksjonar i skodespelarfaget. Studenten skal lage ein eigenproduksjon på minimum 10 minutt, som skal knytast til skodespelarfag og visast for publikum. Studenten vil få utvida erfaring i skapande teaterarbeid knytt til eige uttrykk, basert på materiale han/ho vel sjølv.

 

Forventet læringsutbytte

Kunnskap

Ferdigheiter

Arbeidsformer og læringsaktiviteter

Arbeid med lærar i gruppe og individuelt. Sjølvstudium med rettleiing. Observasjon og refleksjon. Intern og ekstern framføring. Studenten skal ha minst éi framsyning av eige arbeid i semesteret.

Vurdering

Vurdering Vurderingstype Varighet Karakterskala Andel Justerende muntlig Tillatte hjelpemidler
Utøvende aktivitet Bestått / ikke bestått 100% Nei
Kommentar Arbeidet til studentane blir vurdert gjennom heile semesteret og med endeleg vurdering ved semesterslutt.

På eit vitnemål vil karakteren i emnet DMN160 Teori og kunstfag 1, DMN260 Teori og kunstfag 2 og DMN360 Teori og kunstfag 3 bli slått saman til èin karakter.