Nord Universitet

Nord Universitet

NOR212, Norsk 2B

Fakta

  • Omfang

    15 studiepoeng

  • Varighet

  • Undervisningssemester

    Høstsemester

  • Studienivå

    Syklus 1

  • Undervisningsspråk

    Norsk

  • Organisasjonstilhørighet

    IFL

  • Emneansvarlig

    Hallvard Kjelen
  • Studieplan

    Kull 2014/2015

Forkunnskapskrav

Norsk 1 og Norsk 2A.

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Emneinnhold

I norsk 2 står samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid sentralt. Emnet 2B byggjer på Norsk 1 og føreset at mange didaktiske emne er gjennomgått der. Emnet er hovedsakelig språklig, med vekt på både eldre og nyere språkhistorie, samt norsk i møte med andre språk. Studenten får innsikt i akademisk skriving, og får sette kunnskapen om norsk språk i et vidt perspektiv som omfatter både skrift i eldre tekster og talemål i dag.

Forventet læringsutbytte

Kunnskapar og forståing
Studenten
- har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elvar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag
- har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
- har kjennskap til språk som ungdom brukar
- har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk

Dugleikar
Studenten
- kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråknormering i skriveopplæringa
- kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
- kan rettleie elvar i ulike former for munnleg argumentasjon

Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Supplerende opplysninger

Kan tilbys som enkeltemne.

Arbeidsformer og læringsaktiviteter

Studentane vil møte ei variert utval av undervisnings- og læringsformer - individuelt arbeid, gruppearbeid, i tillegg til førelesningar og seminar. Det er lagt inn ein munnleg presentasjon for studentane. Stikkorda stadsbasert læring og det utvida læringsrommet vil vere styrande for mykje av arbeidet med faget. Dette kan komme til utrykk på ulike måtar. Opplæringa i dialektkunnskap vil til dømes ta utgangspunkt i studentanes eigne talemål. Det kan òg vere aktuelt å arbeide med undervisningsopplegg som er knytt til lokalmiljøet. Gjennom det individuelle, men lærarstøtta arbeidet med semesteroppgåva, får studenten opplæring i vitskapeleg metode og forskningsetikk. Sjå kommentar til arbeidskrav.

Forventet arbeidsinnsats

AktivitetVarighetVarighetstype
Forelesninger 75 timer
Skriftlige oppgaver 60 timer
Individuell oppgaveløsning 230 timer
Eksamen 10 timer

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatoriske arbeidskrav Antall Antall godkjente Obligatorisk tilstedeværelse
Muntlig fremlegg 1 1 Ja
Kommentar - knytt til språklege kompentansemål i Kunnskapsløftet (godkjent)
- individuelt arbeid
Innlevering 1 1
Kommentar Individuell semesteroppgåve i eit språkleg emne (til dømes talemål eller fleirspråklegheit). Eit sentralt føremål med oppgåva er at studenten skal få prøve å arbeide som forskar, altså på metodisk og vitskapeleg vis finne svar på ei problemstilling. Oppgåva blir med på å øve studenten opp i forskingsbaserte tilnærmingsmåtar som òg vil vere nyttige i studentens framtidige didaktiske praksis. Oppgåva skal byggje på ei problemstilling som faglærer skal godkjenne, og arbeidet skal følgje vanlege akademiske formkrav. Når semesteroppgåva er godkjend som arbeidskrav, inngår ho dessutan som ein del av vurderinga i faget (vekting 50%). Omfang: omlag 10 sider.

Vurdering

Vurdering Vurderingstype Varighet Karakterskala Andel Justerende muntlig Tillatte hjelpemidler
Skriftlig eksamen 6 timer A-F 50% Nei Ordliste og K-06 (kunnskapsløftet-06).p>Ordliste og K-06 (kunnskapsløftet-06)./p>
Kommentar Bokmål.p>Bokmål./p>
Semesteroppgave A-F 50% Nei
Kommentar Semesteroppgave i språklig emne. Bokmål.p>Semesteroppgave i språklig emne. Bokmål./p>

Tilleggsinformasjon

Pensum
Med forbehold om endringer

Jahr, E. H. Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814. - 2. utg. - Oslo : Novus, 1994. -  ISBN 82-7099-219-4 (h.)

Madsen, L. (red.). Nabosprogsdidaktik. - [Fredriksberg] :   Dansklærerforeningen, 2006. -  ISBN 87-7996-224-6 (h.)
s. 17-92 og 197-230

Otnes, H. og Aamotsbakken, B. Tekst i tid og rom: norsk språkhistorie. - 4. utg. - Oslo : Samlaget, 2012. - ISBN 978-82-521-8241-5 (h.)

Mæhlum, B. og Røyneland, U.  Det norske dialektlandskapet : innføring i studiet av dialekter. - [Oslo] : Cappelen Damm akademisk, 2012. -  ISBN 978-82-02-34941-7 
Utvalgte dialektprøver hentet fra nettstedet til Tekstlaboratoriet ved UiO.

Selj, E. og Ryen, E. (red.). Med språklige minoriteter i klassen : språklige og faglige utfordringer. - 2. utg. - [Oslo] : Cappelen akademisk, 2008. - ISBN 978-82-02-27707-9 (h.)

Kompendium 721. Norrønt for norsk 2 / Jenssen, Ø.

(Oversikt over kompendier: K 721. Kompendium må bestilles fra Nesna Libris. Nettbutikk: www.librishelgeland.no , e-post: nesna@libris.no)

Vektingsreduksjoner

Gammelt emne Studiepoeng
Norsk 2 15