Nord Universitet

Nord Universitet

Norsk 2 for 1.-7. trinn, 30 stp, deltid

Norwegian 2, 30 Credits

Fakta

  • Dato for godkjenning

    23.03.2015
    Dekan, LÆR

  • Gjelder for studentar tatt opp studieåret

    2015/2016

  • Studiepoeng

    30 studiepoeng

    Innleiing

    Emnet Norsk 2 for 1.-7. trinn kan takast som ein del av grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn. Emnet eignar seg også som vidareutdanning for lærarar som ønsker å styrke kompetansen i norsk.

    Målgruppe

    Studentar i grunnskolelærarutdanning og andre som ønsker vidareutdanning i norsk for 1-7.

    Opptakskrav og rangordning

    Generell studiekompetanse og bestått Norsk 1, 30 stp, eller tilsvarande emne.

    Det er krav om godkjent politiattest.

    Praksis

    Studentar som tar emnet som del av grunnskolelærarutdanninga, skal ha rettleia praksis i samsvar med fagplan for praksisopplæring. Andre studentar skal gjennomføre praksisrelatert arbeid.

    Former for arbeid, læring og vurdering

    Undervisninga i emnet vil bli gitt som forelesningar for heile studentgruppa, som klasseundervisning, i grupper, som seminar og som rettleiing for den enkelte student. Noko av undervisninga vil bli gitt på samlingar, mens andre delar vil bli gitt på Lync.

    Tekniske og andre føresetnader

    Ein føreset at studentane disponerar eigen berbar PC. Når ein treng digital kommunikasjon i studiet, inngår webkamera og hovudetelefonar som del av standard utstyr. Studentane må sjølve dekke kostnadane til dette. Sjå gjeldande kravspesifikasjonar under «IT-tjenester» på HiNT sine nettsider.

    Studiemodell

    Emne SP 2015
    Høst
    2016
    Vår
    GLD520, Norsk 2 for 1.-7. trinn 30 x30
    Sum studiepoeng 30 0 30