Nord Universitet

Nord Universitet

Religion, livssyn og etikk 1, 30 stp

Religious Education 1, 30 Credits

Fakta

  • Dato for godkjenning

    23.03.2015
    Dekan, LÆR

  • Gjelder for studentar tatt opp studieåret

    2014/2015

  • Studiepoeng

    60 studiepoeng

    Innleiing

    Religion, livssyn og etikk 1 (RLE 1) har tre emneområde:

    1. Religionar og livssyn
    2. Filosofi og etikk
    3. Fagdidaktikk.

    RLE-faget skal følgje vitskaplege normer og presentere dei ulike religionane og livssyna sakleg orienterande, kritisk og med respekt for eigenarten deira. Faget har ein brubyggjarfunksjon. Det skal gje medvit om felles verdiar i samsvar med menneskerettane og fremje toleranse. Dette føreset kritisk refleksjon og evne til å sjå tradisjonar innanfrå og utanfrå.

     

    Opptakskrav og rangordning

    Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

    Det er krav om godkjent politiattest.   

    Venta læringsutbytte

    Se emnebeskrivelsene.

    Praksis

    Studentar som går 4. studieår i grunnskolelærarutdanninga, skal ha rettleia praksis i samsvar med fagplan for praksisopplæring. Andre studentar skal gjennomføre praksisrelatert arbeid.

    Former for arbeid, læring og vurdering

    Studiet er samlingsbasert. I tillegg til samlingane blir det gitt undervisning på Lync ein dag i veka. Denne undervisninga er ikkje obligatorisk.

    Tekniske og andre føresetnader

    Ein føreset at studentane disponerar eigen berbar PC. Når ein treng digital kommunikasjon i studiet, inngår webkamera og hovudetelefonar som del av standard utstyr. Studentane må sjølve dekke kostnadane til dette. Sjå gjeldande kravspesifikasjonar under «IT-tjenester» på HiNT sine nettsider.

    Evaluering av studiet

    Studiet vert evaluert etter retningslinene i Kvalitetssystemet i HiNT.

    Studiemodell

    Det er mogleg å velje mellom to studieretningar; Religion, livssyn og etikk 1 for 1.-7. trinn og Religion, livssyn og etikk 1 for 5.-10. trinn.

    Emne SP 2016
    Vår
    Religion, livssyn og etikk 1, 30 stp, for 1.-7. trinn 30
    GLB410, Religion, livssyn og etikk 1 30 30
    Religion, livssyn og etikk 1, 30 stp, for 5.-10. trinn 30
    GLU410, Religion, livssyn og etikk 1 30 30
    Sum studiepoeng 60 120