Nord Universitet

Nord Universitet

Skodespelarfag, bachelorgradsstudium

Acting, Bachelor's Programme

Fakta

  • Dato for godkjenning

    11.05.2015
    Dekan, LÆR

  • Gjelder for studenter tatt opp studieåret

    2015/2016

  • Studiepoeng

    180 studiepoeng

    Innledning

    Studiet utdannar skodespelarar med familiebakgrunn utanfor Europa, og som har føresetnad for å kunne bruke norsk som daglegtale.

    Studentane skal etter fullført utdanning kunne arbeide profesjonelt som skodespelarar ved institusjonsteater, frie teatergrupper, film, TV og andre relevante formidlingsarenaer. Utdanninga blir primært gjennomført ved Det Norske Teatret i Oslo, og er forankra i det faglege miljøet ved teatret. Utdanninga tilbyd eit unikt samspel mellom studentar og profesjonelle skodespelarar og pedagogar. Studentane vil få direkte innsikt i alle fagområda på teatret.

    Studieprogrammet er utvikla i eit samarbeid mellom Det Norske Teatret (DNT) og skodespelarutdanninga ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT). Studiet vil optimalisere den faglege dynamikken mellom ein stor og tradisjonsrik teaterinstitusjon og ei ung, norsk skodespelarutdanning med sterk internasjonal orientering. Målet for studiet er å utdanne skodespelarar som kan utøve skodespelarkunst innan eit breitt spekter av stil, form og uttrykk.

    Mål for studiet
    Studiet har som mål å utdanne skodespelarar med ferdigheiter som er sentrale for å kunne skape og spele profesjonelt teater. Studiet legg vekt på teater som ein kollektiv kunstart, der ensemblet spelar ei sentral rolle.

    Innhald
    Alle dei tre studieåra er forankra i kunnskaps- og ferdigheitsutvikling gjennom arbeid med:

    Opptakskrav og rangering

    Studentane blir tekne opp gjennom opptaksprøver med fokus på realkompetansen til kandidatane.
    Det vil vere kvotering mellom menn og kvinner. Søkjarar må minst fylle 18 år i opptaksåret.

    Forventet læringsutbytte

    Studenten skal:

    Kunnskap

    Ferdigheit

    Generell kompetanse

    Oppbygning og sammensetning

    Studiets emneplaner vedtas og publiseres for ett år av gangen. Endringer i studiemodell kan forekomme.

    Beskrivelse av studiemodell: Tabellen viser med et tall hvor mange studiepoeng emnet har, og X for hvilket semester emnet går. Tallet angir når studiepoeng utløses.

    Arbeids-, lærings- og vurderingsformer

    Teater er ei kollektiv kunstform som krev stor innsats frå kvar enkelt student.
    Teaterfagleg kompetanse vert utvikla i samspel med andre, og det er obligatorisk oppmøte til all undervisning.
    Organiseringa og arbeidsformene ved studiet legg til rette for naturleg progresjon for studenten.
    Første studieåret vil undervisninga i hovudsak vere organisert fagvis (jf. avsnittet om innhald).
    Andre studieåret vil undervisninga delvis vere organisert fagvis, delvis i eit arbeid der faga vert integrerte i produksjonar.
    Tredje studieåret vil i større grad vere eit produksjonsår der faga er integrerte i, eller innretta mot eit heilskapleg kunstfagleg teaterarbeid.

    Vurdering
    Det vert gitt kontinuerlege vurderingar utan karakter gjennom semestra, og formelle vurderingar med karakter "bestått/ikkje bestått" ved kvar semesterslutt. Ved semesterslutt vert det halde evalueringssamtalar med studenten.

    Studentane skal i tredje studieår lage ein refleksjon over eige arbeid knytt til ein av produksjonane.

    På eit vitnemål vil karakterer for emner som går over 2 og 3 år bli slått saman til èin karakter. Dette omtales i emneplanane.

    Internasjonalisering

    I løpet av studiet gjennomfører studentane ein eller fleire obligatoriske studieturar. Studiet vil ha internasjonal kontakt gjennom nettverka til DNT og HiNT.

    Kvalifikasjon/vitnemål

    Studentar som gjennomfører utdanninga med karakteren "bestått", får tildelt graden Bachelor i skodespelarfag.

    Studieevaluering

    Studiet vert evaluert ved slutten av kvart semester gjennom:

    Videre studier

    Fullført utdanning gir høve til å søkje masterprogram innan teaterfag.

    Studiemodell

    Emne SP 2015
    Høst
    2016
    Vår
    2016
    Høst
    2017
    Vår
    2017
    Høst
    2018
    Vår
    DMN110, Skodespelarfag 1 32 X32
    DMN120, Bevegelse 1 9 X9
    DMN130, Stemme, tale og språk 1 9 X9
    DMN140, Tekst og eige uttrykk 1 4 X4
    DMN150, Song og musikk 1 3 X3
    DMN160, Teori og kunstfag 1 3 X3
    DMN210, Skodespelarfag 2 32 X32
    DMN220, Bevegelse 2 9 X9
    DMN230, Stemme, tale, språk 2 9 X9
    DMN240, Tekst og eige uttrykk 2 4 X4
    DMN250, Song og musikk 2 3 X3
    DMN260, Teori og kunstfag 2 3 X3
    DMN310, Skodespelarfag 3 36 X36
    DMN320, Bevegelse 3 6 X6
    DMN330, Stemme, tale, språk 3 9 X9
    DMN340, Tekst og eige uttrykk 3 6 X6
    DMN360, Teori og kunstfag 3 3 X3
    Sum studiepoeng 180 0 60 0 60 0 60